|
Bremanger tippar vi endar på 7 plass.
Bremanger og HIL har spela mange tøffe kampar siste sesongane. Her frå 3-1 siger til HIL i 2009.
Om nokon skulle vere i tvil so er dette straffredninga til 1 keeperen (NR 1) på stillinga 2-1 til HIL. VIKTIG!!!!
Bremanger har dei siste åra hatt mål av seg til å kjempe om opprykk, men det har dei ikkje lukkast med. Dette har ført til at en del av dei etablerte spelarane som ikkje bur på Bremangerlandet ikkje blir med denne sesongen. I tillegg har dei mista primusmotor og sjefstrenar Magne Elde som har starta i ny jobb som spelarutviklar i fotballkretsen. Desse to tinga vil i all hovudsak gjere at eit lag som ikkje har klart å blande seg inn i toppen dei siste sesongane ikkje vil gjere det i år heller. Som sagt har Bremanger mista fleire spelarar, men Bremanger sin ”grand old man” Dag Magne Nigardsøy går på ein ny sesong. Han er verkeleg en veteran, han har spelt neste flest kampar for herrelaget gjennom tidene heile 264 har det blitt til no. Rekorden er 320. I tillegg har ein annan veteran Gøran Larsen gjort comeback. Våre spådommar er at desse to spelarane vil vere meget viktige for eit ungt lag som har mange gode spelarar på gong. Unggutane med Simen Hamre og Runar Leirgulen i spissen kan ikkje drage lasset åleine. Dessutan trur vi at dei kan klare å mobilisere fleire av dei spelarane som har slutta til ein del kampar dersom det skulle vise seg at laget skulle stå i fare for å rykke ned, for 6 divisjonsfotball for Bremanger vil vere katastrofe. Vi trur ikkje at spelarar som Freddy Hauge, Kjetil Fosse Elde og Vegard Nygård vil stå å sjå på at dette skjer.

I 2009 stilte HIL med kun 10 personar til kamp og greidde 1-1 etter ein tøff kamp på Bremanger Stadion.
Bremanger har spela en del treningskampar: 3-2 mot Svelgen 3-6 mot Anga 5-2 mot TMFK2 2-4 mot Flatraket 2-5 mot Tempo 4 tap og alle 4 laga er 6 divisjonslag. Likevel trur vi at dette ikkje betyr so mykje for Bremanger sin del. Som sagt trur vi at dei kan mobilisere litt meir enn for eksempel Eikefjord og Selje.
Spelarstall: Ronny Larsen Dag Magne Nigardsøy Roger Nyborg Tom Hem Ørjan Senneset Vegard Nygård Henning Hauge Mathias Hammersland Martin Hauge Joachim Hauge Simen Hamre Runar S. Leirgulen Are Ryland Vidar Senneset Gøran Larsen Kristoffer Svarstad Ole R. Langeland Tord Jeppesen Magnus Myrhol David Nygård Espen Vadøy Kenneth Torvanger Kjetil Førde Åsmund Vadøy Torstein Ask
Magne
|