|
Då var turen komen til Tornado Måløy 2 som vi trur endar midt på tabellen.
Nok eit andrelag som heilt sikkert vil variere i prestasjonane avhengig av kva lag dei stiller. A-laget har ambisjonar om å være eit topplag i 3.div og konkuransen om plassane på laget er knallhard. Dei som ligg å kjempar om plassar på på A-laget vil heilt sikkert få bruke 5.div til å overbevise. Spesielt heime på Refveik trur vi det kan bli svært vanskelig å få med seg poeng frå.
På lik linje med Sandane har Torando Måløy mange unge gode å velge mellom. På samme tid veit vi at det ikkje er mangel på rutine i laget frå havgapet, men truleg vil dei kunne stille med litt rutinerte spelarar som havnar på benken på fyrstelaget.
Blir John Martin Gill ein viktig mann for 1 eller 2 laget til TMFK i år?
Foto: henta frå TMFK si heimeside.
Bla har vi registrert at John Martin Gill har starta på benken i dei fyrste kampane på a-laget. Dette er ein spelar som vil ha mykje å bidra med i 5 div. I tillegg trur vi att Marius Refvik kjem til å styre midtbana som han har styrt godt tidlegare. For TMFK2 sitt lag får vi håpe at fleire spelarar har teke gode steg vidare. I tillegg trur vi at spelera som Erik Hammersvik og Vegard Holvik kan dominere for TMFK2 i år.
Trenar for året er Roger Refvik og Tor Kåre Myhre som også er spelar. I bakhand har dei ringreven Kåre Bakke som oppmann.
Her scorar Ole Christian Nygård i 5-2 sigeren til HIL på Parken i 2009.
Treningskampar.
TMFK 2 – Åheim 4-2
TMFK 2 – Selje 5-2
TMFK 2 – Bremanger 2-5
Delar av spelarstall:
Per Magne Løken
Espen Solhaug
Erik Hammersvik
Marius Refvik
Vegard Holvik
Mats Rune Hoddevik
Kristoffer Djuvik
Oddbjørn Holmøy
Håvard Sjåstad
Håkon Selstad
Tor Kåre Myhre
Henrik Gjerde
Per Jarle Mathisen
Desverre er det ingen som har svart på henvendelsane frå Hornindal-fotball.no, så vi har ikkje fått med noko lokal ekspert. Då vi ikkje har noko insideinformasjon kan vurderingane våre virke litt tynn. Likevell tur vi at ein plass midt på tabellen er realistisk for TMFK2 og at dei søndag 2. oktober ligg på ein 5. plass. |