Lupe 5 div avd.2 2011. Topp 3?

Då er vi komen til slutten av av årets lupe. Då gjenstår det å presantere topp 3. Det er ikkje lett å tippe dette og vi i hornindalfotball har sikkert ikkje fått med oss alt som skjer i klubbane rundt oss, men likevel synst vi at det er kjekt å prøve å skape litt blest rundt fotballen.
Vi  takkar alle dei som har hjelpt oss med sine eksperttips og svart på våre spørsmål.
 
1   Skavøypoll
2   Hornindal
3   Florø 2
4   Stadlandet
5   Tornado Måløy 2
6   Sandane 2
7   Bremanger
8   Selje
9   Eikefjord
10 Loen

 
 
 
Vi tippar Florø 2 på 3 plass.
Etter nokre magre år 2004-2006 så blomstrar det veldig av Florøfotballen.  Med nesten berre lokaleunggutar som dominerar fullstendig svingar det godt av ”bruntrøyene” som har blitt blå og svarte etter at utstyrslevrandøren ikkje ville levere brunedrakte lenger.
 For nokre få år sidan låg Florøfotballen med broten rygg, ironisk nok var vel botnen nådd når Florø sitt fyrste lag tapte 3-2 på heimebane for Hornindal i 4 divisjon i 2006. Det var den einaste kampen Florø tapte den sesongen og rykte dermed rett opp att i 3 divisjon etter nedrykket året før.
Årets Florøutgåve virkar solid. I 3 divisjon hevdar laget seg ok so langt og i oppkøyringa brukte dei bortimot 40 spelarar i treningskampane til 1 laget og det vart ingen kampar med store tap. Her vart det både siger, uavgjort og heiderlege tap mot god motstand.

Treningskampar Florø2
Gaular 1-1
Tempo 1-2
Askvoll/Holmedal 7-1
I tillegg har sikkert dei fleste spelarane prøvd seg på treningskampar med 1 laget samt at dei fleste har spela i vinterserien for junior.

Desse utgjorde stallen i 2010 og dei fleste er med vidare trur vi, men kanskje nokre er på 1 laget no.
Halvor Solheim Olsen
Aksel N.Knapstad
 Knut M.Kvammen
Kristian Rindhei
 Petter Gulestøl
 Stian Gulestøl
Runar Hove
Erlend Hove
Kristoffer Orheim
Kristoffer Sigdestad
Kristoffer Orheim
Mads Hovland
Magnus Brandsøy
Erik Selaas
Runar Åmot
 Henrik Bortheim
 Kristoffer Ryland
 Anders Sørensen
 Sebastian Eriksson
 Aksel Bauge
 Kristoffer Book


Vi har bede tidlegare måltjuv og truleg ny ordførar i Florø frå hausten!? Bengt Solheim Olsen om kva han trur om årets sesong og om Florø sine sjansar i 5 divisjon.
Kan og nemne at Bengt var trenar for Florø 2 i fjor, ein sesong som enda med ein suveren KM-tittel etter å ha utklassa Stryn 2 over to kampar.
5.div tror eg blir uforutsigbar,men eg skal gjør midt beste til å tippe så
godt som mulig. Her er fasit:

Nr 1: Florø 2
Topp 3:
1. Florø 2
2. Hornindal
3. Selje

Nedrykk: Eikefjord og Sandane 2 (hvis