|
Før kampen Stadlandet – Hornindal
Vi har spurt fotballeksperten over alle fotballekspertar i fylket, Stig Høynes i haugenfotball.no om kva han trur om sesongen 2011 og resultatet i kampen mellom Stadlandet og Hornindal i morgon:
Her kjem mitt revolvartips for årets 5. divisjon.
I toppen trur eg det blir ein kamp mellom tre lag.
Florø 2 og Skavøypoll som dei største favorittane, med Hornindal som ein liten outsider.
Stadlandet får det tøft mot "topplaga", men er eit lag som bør vinne dei fleste kampane mot resten av laga og endar til slutt på 4. plass.
Etter Stadlandet trur eg det blir eit "gap" ned til dei neste laga på tabellen.
Blant desse laga trur eg at vi får mange uforutsigbare resultat, der alle kjem til å slå alle.
Satsar på at Tornado Måløy 2, Bremanger og Selje inntar plassane fem, seks og sju.
På botnen av tabell trur eg Eikefjord, Loen og Sandane 2 kjem til å kjempe om å unngå nedrykk.
Her er tabelltipset mitt: 1. Florø 2 2. Skavøypoll 3. Hornindal 4. Stadlandet 5. Tornado Måløy FK 2 6. Bremanger 7. Selje 8. Eikefjord 9. Loen 10. Sandane 2
Kampen mellom Stadlandet og Hornindal blir ein jamn affære og endar 3-3
Vi takkar Stig Høynes for tips og jobben han gjer for fotballen i Sogn og Fjordane, STÅ PÅ STIG!!! :)
Då er det endeleg duka for seriefotball. Etter 4-5 mnd oppkøyring er vi endeleg i gong igjen. Årets fyrste poeng skal delast ut på Stadlandet stadion og eit heilt tent Stadtlag med Odd Helge Losnegård og Kai Arne Otnheim i spissen er heilt sikkert klare til dyst.
Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no
Kenneth Vedvik kan få sin fyrste seriekamp for Hornindal.
Til denne kampen har trenarduoen Bakka/Taraldset har teke ut følgjande spelarar til kampen: Kristoffer Grodås Martin Seljeset Tarjei Lødøen Steinar Gram Rasmus Gausemel Jan Rune Oppheim Stian Bjørlo Håvard Sollid Håvard Maurset Kjetil Svarstad Svein Olav Solum Emil Allesøe Endre Lødemel Eivind Grodås Tor Ådne Seljeset Even Lødemel Kenneth Vedvik Morten Taraldset
Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no
NB! Einaste usikre kortet er Endre Lødemel som slit med ryggen. Om han er med eller ikkje blir bestemt rett før kampstart.
|