|
Damelaget tapte i kveld 2-0 heime mot Stryn. Måla til Stryn vart scora av honndalsjenta Anja Tomasgård. Begge måla kom i 1.omgong.
Anja Tomasgård scora begge måla i kampen.
Kampen var tøff og intens. Begge lag jobba bra, og Stryn var i periodar eit hakk vassare enn HIL, men måla til Stryn var av det tvilsomme slaget. Begge skulle truleg vore avblåst for offside, men vi klandrar ikkje dommaren for dette er vanskeleg åleine.
Stryn brende 2 straffespark i kampen, Ida Lødøen skaut den fyrste i tverrleggaren, medan den andre straffa redda Honndalskeeperen Tonje Fannemel enkelt.
15 min før slutt var HIL nær ved å redusere når Linda Kristin Tomasgård skyt i stonga, men det ville seg ikkje. Dermed enda kampen med 2-0 til Stryn.
Hornindal sitt damelag 2011.
Bak frå venstre: Ola Roar Fannemel (trenar), Marianne Seljeset, Marie Ingeborg Espe, Samiline Seljeset, Nina Tomasgård, Ina Kristin Seljeset, Linda Kristin Tomasgård, beate Lødemel, Lone Seljeset, Kristine Kroken og Anne Birthe Hofseth (oppmann).
Framme frå venstre: Helene Otterdal, Anne Marte Espe, Malin Seljeset, Rita Gausemel, Tonje Fannemel, Emilie Otterdal, Marie Haugen, Anna Hofseth og Marte Kroken.
Kristine Kroken, Marie Haugen, Anna Hofseth og Rita Gausemel spelte sin fyrste a-kamp på heimebane.
Mykje positiv av Honndalsjentene i dag, no er det berre å samle krefter til kampen mot Vik søndag.
Vi takkar Stryn for kampen og ynskjer dei og spesielt Anja og Ida lykke til vidare med sesongen. |