kor vart bortedraktene av?
 
Herrelaget fekk seg nye bortedrakter til kampen borte mot Skavøypoll. Sidan vi møter lag med same farge som oss sjølve (raud) so må vi ha kvitedrakter til desse kampane.
Rasmus Gausemel hadde sytt for trykking ++ slik at dei nye draktene var eit flott syn. Dessverre tapte HIL denne kampen 3-1, men det snakkar vi ikkje om meir her.
 
Som sagt draktene var ei god stund sakna, dette vart fyrst oppdaga i forkant av bortekampen mot Bremanger i pinsa. Då var status at vi hadde 10 drakter, men vi skulle jo ha 25 stk? Ka svarten??
Underteikna ringde en del telefonar, sjekka heime med seg sjøl og det vart sendt ut etterlysning på sms, folk i Skavøypoll vart kontakta og fleire av spelarane vart sikkert trua på livet med å kome med ei kvit drakt eller ti. Men nei da, ingenting funka.
 
Herrelaget reiste til Bremanger med 10 nye drakter og supplert med 4-5 gamle kvite drakter som slett ikkje sto i stil. Likevel vann dei den kampen heile 5-1. Sterkt i ein tøff bortekamp på Bremanger Stadion.
Sjølv der dukka det ikkje opp ei einaste av dei sakna draktene.
 
Smått fortvila er vi begynt å snakke om å kjøpe 15 nye drakter for vi må jo ha like drakte. For en søppelgjeng av spelarar som ikkje klarar å passe på murra eg inn i meg. Det kan faktisk godt hende eg ha sendt det på sms og kanskje so vel sagt det til alle spelarane samla.
 
BEKLAGER FOLKENS!!!! Eg må nuk bite det i meg, her en dag fann eg dei sårt sakna draktene i ei kasse i garasjen min. Under ein trompet, og ei kasse med kubbspel fann eg draktene liggande.
Eg som sjekka garasjen og heile huset berre for å vere sikker på at eg ikkje hadde dei åsso va dei der likevel!!!!!! Ka i h"&%¤#"???? 
 Eg skjønna ikkje korleis dei ha havna der, men eg trur ikkje det e nåken andre enn meg sjøl som har sett dei der dessverre :(
 
Om eg gjennom desse to månadane som har gått har såra nåken so beklaga eg det, om eg har fornærma nåken so beklaga eg det og. Skulle eg vore so uheldig å kjefta på nåken beklagar eg det på det sterkaste.
Om eg har kalla dåkke stygge ting (pga dei sakna drakten /ikkje viss anna grunn) ja so beklagar eg det og.
Skulle det vere nåken som har mista nattasøvnen eller følt seg trua på livet ja då legg eg meg paddeflat og beklagar utruli mykje.
 
Men sjøl i den svartaste natta so ser eg nåke positivt, draktene e tilbake og klar til teneste ny vaska og fine til neste kamp det skulle vere behov.
 
PS! Det blir ikkje meg som tek med draktene heim neste gong.......