|
Fyrst komande laurdag møter HIL sitt a-lag Bremanger. I pausen vil publikum få presantert kretsmesterane frå 1971.
Det er i år 40 år sidan HIL vart kretsmestera for fyrste gong.
Bak frå venstre: Ståle Hatlelid, Steinar Ringdal, Ottar Lødemel, Nils Haugen, Håkon Raftevold, Lars Lunde og Lars Taraldset.
Framme frå venstre: Knut O Lødøen, Arild Seljeset, Knut Lillestøl, Mathias Lunde og Magnar Lødemel.
1971 sesongen var ein spesiell sesong. Hornindal og Haugen var dei to beste laga i avdelinga. Haugen vann vårkampen som var spela på Klenkarberget klart 4-0.Returkampen som vart spela på Fura i indre Hornindal enda også med Haugensiger, men etter ein noko spesiell situasjon rett før slutt og ein dommar som bels av kampen før 90 min var spela førte til at Hornindal sende klage til kretsen og fekk medhald og dermed omkamp. Haugen protsterte på dette og saka vart faktisk anka heilt opp til fotballforbundet. Dei endra ikkje kretsen sitt syn og dermed omkamp. Denne vart spela på nøytral bane, og denne vann Hornindal heile 5-0. Håkon Raftevold scora 4 av måla.
Dette og mykje meir er grunnlag for ei trivleg markeing og samling fyrst komande laurdag. |