Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Etter ein lang prosess er det nye trenarapparatet til herrelaget klart. På spelarmøtet søndag vart apparatet presantert, og nye hovudtrenarar er Kjetil Svarstad og Endre Lødemel.
I tillegg so får den nye duoen med seg rutinerte Ed Nordang som mentor. Den tidlegare strynetrenaren vil saman med Kjetil og Endre sy i hop eit opplegg som vi trur vil løfte Honndalsfotballen vidare og gjere HIL ein meir attraktiv klubb å spele for.
Fv: Endre Lødemel, Ed Nordang og Kjetil Svarstad.
Alle spelarane må merke seg at det blir kick off samling 3-5 februar. Meir om opplegget kjem seinare.
Styret i HIL-Fotball er veldig glade for at Kjetil, Endre og Ed har teke på seg jobben og ynskjer dei lukke til :)
|
|
|