Brutal start på 2012
Det nye året var ikkje mange timar gamalt når dame og herrespelarane var i aksjon med varetelling på Europris på Eid 1 januar.
Imponerande mange ca 30 stk stilte på og det var det jammen kjærkome for jobben tok nesten 6 tima. So frå kl.16 til 22 var ein god gjeng av seniorspelarane + 5 stk frå guttelaget i full jobb.
Også i dag søndag har ca 20 spelarar vore i aksjon på Europris i Stryn også her gjekk det nesten 6 timar.
 
No er det eit år til neste gong, og alle spelarane har som har vore med har sørga for pengar i klubbkassa, noko som kjem godt med.
 
Takk til kvar og ein som har stilt på.
 
Linda Kristin Tomasgård har sendt oss nokre bilder frå varetelling på Eid. Om nokon har bilde frå varetelling i Stryn send dei over :)