damelag også i 2012
Då er det klart at det også i 2012 vert damelag i Hornindal. Det blir 11-ar lag og det ser veldig positivt ut.
Steinar Bakka vert hovudtrenar og med seg får han Cecilie Michaelsen som spelande assistent trenar. I tillegg kan her kome enda ein spelande ass.trenar med i trenarteamet.
Anne Birthe Hofseth held fram som oppmann, i tillegg vil ho vil få med seg Wenche Elvegård i støtteapparatet rundt trenarteamet og laget.
 
Eit av dei største keepertalenta i damefotballen i fylket Tonje Fannemel er klar for ein ny sesong i Honndalsdrakta.
 
 
 
Etter å vere nær ved å trekke damelaget frå fotballkartet er vi no påmeldt 3 divisjon 2012.
Vi kjem tilbake med presentasjon av spelarstall mm seinare. Det blir mange positive nyheiter i tida framover.