Rasmus Gausemel klar for stryn
 
 
 
Rasmus Gausemel er klar for Stryn etter at overgongspapira vart signert av klubbane og Rasmus i går.
 
Rasmus har til no i år trena fast med Stryn og dei vil ha han med på laget. Vi ynskjer at Rasmus skal få dei utfordringane han sjølv ynskjer og dermed er den tidlegare kapteinen vår Strynespelar. 
 
Vi ynskjer Rasmus lukke til i Stryn og håpar han lukkast.