Herrelaget tapte 2-1 mot Loen. Loen leda 1-0 til pause etter ei scoring på straffe etter 44 min. I 2.omgong utlikna Endre Lødemel på eit fripark frå 25 m som endra retning og gjekk i mål bak ein sjanselaus keeper. På tampen av kampen scora Jan Marius Berger 2-1 etter rot i HIL sitt forsvar.
Alt i alt er det ein positiv kamp for HIL sin del, vi styrer kampen i store periodar og slepp ikkje Loen til meir en 3-4 sjansar i gjennom kampen. Før kampen var vi enige om å ikkje ha fokus på resultat, men ha fokus på dei arbeidsoppgåvene vi har. Dette fungerte som sagt i store delar av kampen, og det er 1 mnd til seriestart og vi er godt i rute. HIL hadde 21 spelarar disponibl og alle fekk spele . Vi kjem tilbake seinare med stallen der det også får oversikt på kven dei nye spelarane er. Vi takkar Loen for kampen og ynskje dei lukke til med sesongen. |