Vi har allereide presantert at Johnny Myklebust er klar for HIL og at Emil Allesøe ikkje går til Stryn likevel. I tillegg er fleire spelarar klar for innsats i Honndalsdrakta. Overgongspapir på Håvard og Isak er signert av alle partar og sendt fotballkretsen. Sindre Nordang sin overgong vert ordna like før seriestart sidan han no spelar seriespel for NTNUI i Trondheim. Marius Grodås har dei siste sesongane vore veldig skadeplage, men ynskjer no å spele for moderklubben igjen. Marius har signert overgongspapira og overgongen vil vere i orden til seriestart. So får vi sjå kor tid unge lovande Grodås er tilbake i Honndalsdrakta. Eirik og Magnus er to unggutar som ikkje har spela fotball på eit par år, men som no har fått lysta tilbake. Dei to er også lovande volleyballspelarar som i skrivandes stund kjempar om opprykk til 1 divisjon. Johnny Myklebust frå Stryn Emil Allesøe tek ein ny sesong i Honndalsdrakta Havard Nygård frå Oppstryn. Isak Fotland Fænn frå Stryn Sindre Nordang frå NTNUI (Trondheim) ( utlånsavtale) Marius Grodås frå Skjetten (3 div Akershus) Magnus Sollid (eigen stall) Eirik Lødemel (eigen stall) |