Damelaget startar serien i stryn
Torsdag 26 april startar damelaget sesongen med ein tøff bortekamp mot Stryn kl.19.00.
 
 
 
Anja spelar i Honndalsdrakta igjen på torsdag!! :)

Dette blir ein tøff kamp mellom to lag som kjenne kvarandre godt. Fleire av spelarane som entrar bana på torsdag har spela for begge klubbane, og ikkje minst er det for mange klassevenninder som står på motsett banehalvdel når dommaren bles i gong kampen. Dette blir rett å slett prestisje :)
 
Gledleg for HIL er at " våre eigne" spelarar Anja Tomasgård og Ida Lødøen no er tilbake i moderklubben etter spel for Stryn.
 
 
 
 Ida Pauline Lødøen er tilbake i godrakta :) Her frå kamp mot Hafslo i 2009.
 
I tillegg har vi i dag signert Helga Skarstein frå Loen og håpar at ho kan bli kamp klar til torsdag. 
 
Vi håpar at mange frå Honndalen tar turen til Stryn å støttar opp om damelaget vårt :)