Tøff seriestart for herrelaget
Endeleg er alvoret snart i gong. Herrelaget er klar for seriespel og mandag 30 april startar herrelaget med bortekamp mot Selje på Selje stadion. 

Dessverre er det altfor mange forfall til kampen, men det fokuset legg vi vekk allereide no. 
 
Motstandar i seriepremieren er Selje som har hatt ei ok oppkøyring. Vanskeleg å seie so mykje meir, men det er ikkje tvil om at det blir ein tøff kamp for eit ungt og urutinert Honndalslag. 
 
Vi ynskjer herrelaget lukke til i ein vanskeleg bortekamp.