Kunstgrasbana nærmar seg med stormskritt ferdigstilling. Arbeidet er no kome so langt at det er legging av "graset" som pågår.
Her er frå en litt tidlgare fase av arbeidet. Ikkje tvil om at desse to gledar seg :)
Laurdag 9 juni vert det offisiell opning av den nye "gamlebana". Det skal sendast ut invitasjon til fotballkretsen, kommunen, Sparebanken Sogn og Fjordane mfl.
Det vil bli eit opplegg for dei yngst fyrst og dei skal også ta del i gjennomføring av dei to fyrste seriekampane på bana. Når damelaget møter Sogndal kl.13.00 og herrelaget møter Bremanger kl.15.00.
Meir info om opninga kjem seinare.
Det er vertfall utruleg kjekt at det nærma seg ferdigstilling og at vi snart kan ta bana i bruk.