Superlaurdag!!!
Laurdag 9 juni skulle vere laurdagen der vi skulle opne den kunstgrasbana vår. Som sikkert dei fleste har fått med seg so vart den øydelagt av vinden og arbeidet forsinka.
 
Kretsen var utruleg positive til at både herre og damelaget skulle få spele laurdagskamp slik at vi kunne lage til ei skikkeleg markering av nye bana, men i dag går kampane som planlagt utan at vi kan opne kunstgrasbana.
Dermed går kampane på gras på Parken.
 
Damelaget møter Sogndal kl. 13.00 og herrelaget møter Bremanger kl.15.00.
 
Møt opp og støtt seniorlaga våre.