Hornindal - Selje 2-1
Herrelaget tok 3 meget viktige poeng mot Selje fredagskveld.
Med tap her ville vi virkeleg vere i sumpa, men med Sturla Lødøen si scoring 4 min på overtid var 3 poeng i boks og jublen stod i "taket".
Feiring etter at Sturla Lødøen scora sigersmålet. Selje fortvilar sjølsagt...
 
 
Kampen mot Selje vart den fyrste på den nye kunstgrasbana vår. Etter planen skulle den fyrste kampen på kunstgrasbana gå laurdag 25 august, men pga rehabliteringa av idrettsparken er den stengd ei tid framover. Dermed var det duka for ein litt tidlegare bruk enn planlagt.
Dette enda godt for HIL sjøl om det var Selje og Alexander Hove som scora det fyrste offesielle målet på kunstgrasbana når han sende Selje i leiinga 0-1 i det 65 min.
 
Alexander Hove midt i bilde (ser ned) scora det fyrste målet på kunstgrasbana.
 
Kampen var tett og jamn, og heldt eit bra nivå. Godt tempo på ball og to lag som ville spele fotball. Det må og seiast at kampen kunne bikka begge vegar, men heldigvis var det HIL som trekte det lengste strået denne gongen.
 
Marius Grodås vart den fyrste for HIL å score på kunstgrasbana når han i det 75 min utlikna på straffespark, etter at Eivind Grodås blir felt av Selje sin "vikarkeeper" Joacim Refvik.
1-1, sikker straffe frå Marius Grodås.
 
Viktig utlikning!!
 
EIn god Kjetil Svarstad som steppa inn for Kristoffer Grodås i HIL-buret hadde fleire utrulege redningar.
 
Kjetil har her redda ballen og slår han i kryssstolpen og som du ser litt lenger nede so får han kontroll til slutt.
Selje var her nær 1-0 tidleg i fyrste omgong. Like etter skyt i HIL i stolpen når Eivind Grodås har ei giftig avsluttning.
 
 
 
 
 
 
Kampfakta
Hornindal - Selje 2-1 (0-0)
Hornindal Stadion (kunstgras)
Dommar, Ronny STian Hopland, Skavøypoll
0-1 Alexander Hove, 65 min
1-1 Marius Grodås, 75 min
2-1 Sturla Lødøen, 90 + 4 min
Gult kort: Tarjei Lødøen HIL og 1 selje.
 
HIL sitt lag:
Kjetil Svarstad
Tarjei Lødøen
Sindre Nordang
Håvard Sollid
Martin Seljeset
Even L&