Tornado Måløy 2 - Hornindal 3-3
Herrelaget spelte torsdagkveld uavgjort 3-3 borte mot eit sterkt Tornado Måløy lag. Vertane var før kampen sikre på at dei skulle innkassere tre lette poeng, men eit godt HIL lag kunne fort enda opp med å ta alle 3 poeng med heim til Honndalen.
Tornado Måløy stilde med mange spelarar som spelar fast 3 divisjon og nokre gamle rutinerte ringrevar.
Spelarar som Ole Andreas Solheim, Eirik Holvik, Martin Flåten, Ørjan Paulsen,  Eirik Rutledal, Per Jarle Mathiesen, Øivind Vabø viser at vi møtte eit lag av høg kvalitet.
 
Kristoffer Djuvik banka ballen i tverrliggaren i 1.omgong.
 
1 omgong var jamn og tøff. Begge lag kjempa godt, og heldt høgt tempo. Tornado Måløy hadde den største sjansen når Kristoffer Djuvik banka eit frispark frå 18 m i tverrliggaren. HIL vart snytt for eit klar straffespark når Eivind Grodås var skubba ned i feltet.
Begge lag vil spele fotball og kjempar godt, men ingen mål før pause.
 
God stemning og enkle småjusteringar i pausepraten.
 
Sturla Lødøen og Johnny Myklebust jublar etter 0-1 til HIL.
 
2 omgong blir ein meir rotet omgong. Begge lag merkar etterkvart kjøret og dette føre til store rom. Superveteranen Øivind Vabø som kom inn og spelar 2 omgong fekk til tider store rom der han fekk stå en del åleine og servere gode pasningar til kant og i bakrom, men heldigvis uten at desse førte til noko.
HIL får en flying start på 2 omgong når Sturla Lødøen føre HIL i leiinga 1-0 i det 48 min. Rett etter målet får Tornado Måløy inndirekte frispark. I duell om ballen so spelar ein Tornado Måløy ballen inn til HIL keeper Kristoffer Grodås som plukkar opp ballen, og dagens dommar Barlla frå Eid dømme tilbakespel og inndirekte frispark. Inegn andre på Refvik Stadion forstår kvifor.
I det 54 min utliknar Ole Andreas Solheim når han skyt frå 16 meter og ballen endrar retning i ein HIL forsvarar og går i mål bak ein utspelt Kristoffer Grodås.
 
Håvard Nygård har akkurat heada inn 2-2 målet.

Neste mål kjem i det 71 min når Håvard Holvik bankar inn 2-1 til heimelaget frå kort hold. 6 min etterpå stangar Håvard Nygård inn 2-2 på ein presis corner frå Håvard Maurset.
Når Sturla Lødøen får krangla med seg ballen etter duell med stopparduoen Eirik Ruledal og Eirik Holvik (kan vere eg blandar 0-1 målet og 2-3 målet)  og puttar 2-3 til HIL i det 84 min er trua på siger der, men Øivind Vabø utliknar når han skyt eit frispark frå 16-18 m via muren og i mål bak ein sjanselaus Kristoffer Grodås.