Opning av kunstgrasbana
Etter mange års ventetid er endeleg det blitt kunstgrasbane i Hornindal. I morgon er det opning sjølv om bana har blitt brukt til fleire kampar allereide.
Dette var ikkje planen, men pga rehabliteringa av idrettsparken so måtte vi ta i bruk kunstgrasbana til kamp tidlegare enn planlagt. Vi håpar at mange tek vegen til stadion og får med seg opninga og kampen mellom Hornindal og Flatraket i 5 divisjon.
 
Programmet er slik:
 
Opning av den nye kunstgrasbana laurdag 25 august kl.14.00.

Alle spelarar på aldersbestemt er spesielt inviterte og får gratis pølse m/brød og brus.
Offisiell opning ved leiar i HIL, Robert Grodås. Representantar frå Fotballkretsen, Sparebanken Sogn og Fjordane og Hornindal Kommune kjem også.

Herrelaget spelar kamp mot Flatraket kl. 15.00.
Knøtt og mini spelar 2 kampar i pausen på herrekampen
Gratis inngong