Hornindal - Tornado Måløy 2   3-2

A-laget starta sesongen med siger over Tornado Måløy på mandag. Bård Ove Bergset brukte berre 3 min i honndalsdrakta før han putta sitt fyrste mål og sende HIL i føringa.

Sturla Lødøen auka til 2-0 etter 20 min og dette var og resultatet til pause.

Rett etter pause reduserte TMFK og når dei utlikna til 2-2 frykta ein at ein skulle tape kampen, men fortvilelse vart snudd til glede når Sturla Lødøen scora sigersmålet 2 min før full tid. Då var det berre å rydde unda dei siste minutta og sikre 3 herlige poeng.

Til seriepremieren stilte HIL med heile 5 debutantar i troppen og alle fekk speletid.

Desse var: Adrian Grodås (keeper), Bård Ove Bergset (ny frå Stryn), Kristoffer Haugen, Alexander Røberg og Henrik Grodås.

Kampfakta:

Hornindal - Tornado Måløy 3-2 (2-0)

1-0 Bård Ove Bergset

2-0 Sturla Lødøen

2-1 Eivind Lillebø

2-2 Henrik Gjerde

3-2 Sturla Lødøen

Gule kort: Henrik Grodås, Sturla Lødøen og Håvard Sollid

 

HIL sitt lag:

Adrian Grodås

Bård Ove Bergset

Endre Lødemel

Håvard Nygård

Daniel Lundberg

Kristoffer Haugen

Tore Raftevold

Håvard Sollid

Verner Myklebust

Torbjørn Flåm

Sturla Lødøen

 

Innbyttarar
Alexander Røberg

Henrik Grodås

Kristoffer Grodås