Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
Kampreferat Hornindal –Loen: 3-3 (2-3) 04.05.2013
Lagoppstilling: Adrian Sindre - Endre - Håvard N Henrik – Håvard S – Marius – Emil - Daniel Bård Ove – Kjetil
Benken: Kristoffer, Alexander, Joachim, Verner (skada)
Bytter: Henrik->Kristoffer, Kristoffer->Joachim, Daniel->Alexander,
Mål: Håvard S (Endre), Håvard S (Emil?), Kjetil(straffe Håvard S)
Stjerner: *** Ingen **Håvard Sollid * Endre
Kampens gang: Med 3-2 sigeren mot Tornado/Måløy friskt i minne gjekk Hornindal i dag på bana for å hente 3 nye poeng mot Loen. Kampen skulle eigentleg spelast i Loen, men sidan bana der ikkje var klar blei den avvikla på kunstgrasbana i Hornindal.
Vi var alle enige om at i dag skulle vi gå ut i 100 heilt i frå start, og det løftet innfridde vi. Etter knappe 3 minutt sende Endre avgårde ei silkepasning av høg klasse som Håvard S stussa over keeper og i mål. Han hadde før kampen klaga høglytt på at han aldri scora for Hornindal, så då ballen gjekk i mål såg han minst like sjokka ut som Loen, som nettopp hadde fått seg ein kalddusj. 1-0.
Hornindal pressa godt på i første del av 1.omgang og det skuldast gode bevegelsar og mange gode avgjerelsar i midtbaneleddet. Etter rundt 20 minutt varta heimelaget opp med flott spel og ballen hamna til slutt med Håvard S som plasserte ballen greit i mål. Trenarane på sidelinja var godt fornøgde med det som foregjekk på bana og no var det berre å køyre på resten av kampen. 2-0. Etter dette var det nesten som lufta gjekk ut av ballongen for Hornindal, og Loen tok over banespelet. Etter eit langt utspel fra Loen sin keeper fekk Loen innkast høgt oppe på bana. Innkastet resulterte i Loen sin første målsjanse i form av eit innlegg som såvidt vart avverga inne i feltet. Returen endte derimot opp med ein Loen-spelar som lukka augene og small til det han greidde. Rett i krysset. Kapteinen for Hornindal, Håvard N, hadde dette å seie om målet: «Eg har aldri sett et så fint mål med mine eigne auger før. Ballen fór som ein....SYLINDER rett forbi eirene mine og i krysset.». Håvard har alltid vore veldig glad i geometriske figurar, men prosjektil er nok ordet han leitte etter. 2-1.
Loen fortsette å presse og ikkje lenger reduseringa fekk dei eit frispark like utanfor 16-meteren. Frisparke resulterte desverre i utligning, og laga var like langt. 2-2.
Etter dette jamna kampen seg litt meir og mange venta nok berre på at første omgang skulle vere over. Men like før pause glapp det i markeringa til Hornindal og Loen-spelaren som kom åleine mot keeper gjorde ingen feil. 2-3. Rett etterpå kokte det over for ein Loen spelar, og dommaren var ikkje nådigare enn at han sendte han rett av bana. Loen måtte dermed spele resten av kampen med 10 mann. Pause.
I pausen snakka vi om at vi måtte få opp igjen bevegelsen frammover i bana og at kvar og ein måtte gå inn i seg sjølv og heve seg til dei siste 45 minutta.
Med friskt mot vi andre omgang, men det ville seg ikkje heilt for raud-trøyene. Til tross for at vi fekk meir rom og mindre press frå Loen greidde vi ikkje heilt å skape det
|
|
|