Hornindal - eid 2 flytta til mandag

Kampen mot Eid 2 er flytta frå søndag til mandag. Kampen går på kunstgrasbana i Hornindal kl.19.30.

Grunnen til at kampen er flytta er at søndag er konfirmasjonsdag i Hornindal, og mange av spelarane skal både i kyrkja og ikkje minst ete god mat slik at dei ikkje er i stand å springe før tidlegast mandag. Eid var veldig imøtekomande og dermed flytta vi kampen.  

Rykta vil ha det til at Emil Allesøe har investert i nye fotballsko. Den store usikkerheita er knytt til om det kan bli mål eller gnagsår i kampen motr EId. Vi kan ikkje anna enn å oppmode publikum å møte opp for å få med seg dramatikken som garantert vil oppstå mandag på Hornindal Stadion.