Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
Laget: (4-4-2) Endre - Johnny Eirik - Kim Runar - Håvard S - Verner Daniel - Håvard N - Sindre N - Hallvard Adrian På benken: Bytter: -Kristoffer H Eirik - Tore -Tore Verner - Kristoffer H -Sindre S Hallvard - Torbjørn -Torbjørn Johnny - Sindre S -Henrik Kristoffer H - Joachim -Joachim Tore - Henrik -Alexander Stjernene: ***: ingen **: ingen *: Adrian, Endre Verner Myklebust har i ein alder av 15 år etablert seg på a-laget. Kampen: Med berre 3 kampar igjen av vårsesongen og ei ikkje altfor grådig poengsamling bak oss, var planen å ta 3 poeng og rive oss heilt laus fra botnstriden i 5.divisjon. Alt låg også til rette for heimesiger med den største kamptroppa vi har stabla saman i heile år, medan Bremanger kun hadde nok til å fylle ein startellever. Når ein no ser tilbake på stemninga i garderoben før avspark, burde ein kanskje skjønt at det ikkje skulle gå fullt så godt som vi hadde planar om. Likevel opna Hornindal kampen heilt greit og kampen starta der den førre slapp. Det var på midtbana det føregjekk dei første minutta av kampen, men det gjekk ikkje veldig lenge før det tippa litt over til at Bremanger fekk overtak. Ei blanding av at vi ikkje vann duellane på midten og at forsvaret ikkje tok ut nok rom bak duellane førte til at Bremanger kom ganske nærme eit par gonger. Trass i dette var Hornindal som leiinga etter eit eksepsjonelt forarbeid av Endre. Trass i at han trakka over på jobb, slo haudet i eit tred og skada skuldra (bør kanskje få seg ein kontorjobb...) var han fortsatt oppegåande nok til å dra av to bremangerspelarar og slå hardt inn fra dødlinja. Ballen gjekk gjennom feltet og på bakerste stolpe stod Eirik og sette kontrollert inn 1-0-målet. Dette var første gong Eirik spelte frå start, og ein kan trygt seie at han nytta sjansen godt!
<
|
|
|