Fotballgruppa samla igjen
Etter nokre år med delt fotballgruppe er kreftene samla og heile fotballfamilien samla under eit felles styre og felles økonomi.
 
 
 
I haust har det vore køyrt ein prosess for å   få samla fotballgruppa tilbake i si opprinnelege form. Dei 5-6 siste åra har vi hatt to styre med ei overbygning.
Dette har tært på kreftene og det har vore vanskeleg å  få engasjert nok folk til å dekke alle rollane.
Etter eit ekstraordinært årsmøte vart samanslåing vedteke og det nye styret ser slik ut:

Anne Birthe Hofseth
Anne Marte Espe
Edvin Haugen (leiar)
Håvard Sollid
Lillian Dorthe Torheim (kasserar) 
Marie Ingeborg Espe
Oddvar Espe (sekretær)
Steinar Bakka
Sverre Leivdal
 
I tillegg har Geir Røberg teke på seg ansvaret som utdanningskontakt/fair play ansvarleg, Bjørn Navelsaker og Knut Ove Grodås i lag med Oddvar Espe ansvaret for byggenemd for realisering av stadionhus ved kunstgrasbana. 
 
Fotballgruppa har signert ei ny samarbeidsavtale med Sparebanken Sogn og Fjordane for 2013-2015. Hornindal IL Fotballgruppa set stor pris på at Sparebanken Sogn og Fjordane støttar opp om arbeidet som fotballfamilien legg ned i Hornindal.
 
Dette er eit slagkraftig styre og gode støttespelarar som er komne godt i gong med arbeidet, og har mange planar for det nye året.
 
Uansett, her er plass til fleire som har lyst å gjere ein jobb for Honndalsfotballen. Har du lyst til å vere trenar, oppmann eller ledig tid til å bidra med bygging etc. ta kontakt! :)