Onsdag 29 januar spelte a-laget treningskamp på heimebane, motstandar var Sunnylven.
Kampen enda med 4-1 siger til gjestane. Resultatet var ikkje i fokus verken før eller etter kampen. Det handla om å kome seg i gang med kamptrening og få kjenne kva som må til for å orke 90 min når sesongen startar fredag 25 april med heimekamp mot Florø 3.
Trenar Steinar Bakka seier etter kampen at det var mange lyspunkt. Vi stilte eit pur ungt lag, mot eit rutinert Sunnylvslag. Mange av unggutane gjorde sine saker godt og eg gledar meg til fortsettelsen avsluttar ein små øsen laksegeneral på telefon frå Kyrkjhornbakkane.
Kampfakta:
Hornindal - Sunnylven 1-4 (0-1) (0-3) (1-0) 3x30 min.
Dommar: Vebjørn Nord Haugland, Eid IL
HIL sitt lag:
Adrian Grodås
Robin Sande
Håvard Sollid
Henrik Grodås
Sindre Skrede
Joacim Gausemel
Aleksander Røberg
Marius Lødøen
Maros Lepacek
Antonio Heggen
Verner Myklebust
Andreas Seljeset
Erlend Espe
Simen Bruheim
Isak Fotland Fænn
Torbjørn Flåm
Gult kort - Håvard
Gult kort - Erlend
Mål - Isak 73
Mål Sunnylven 10, 43 , 53 , 60