g19 på  innandørs km

Søndag 2 mars deltok Hornindal på KM for Gutar 19 (dei som fyller 19 i år og yngre) i Trivselshagen på Sandane. Breimsbygda var arrangørklubb og gjennomførte etter vårt syn eit knallgodt arrangement. 

 

Bak frå venstre: Henrik Grodås, Antonio Heggen, Simen Bruheim, Torbjørn Flåm, Eirik Lødemel og Fredrik Drageset.

Framme frå venstre: Tore Raftevold, Alexander Røberg, Adrian Grodås, Erlend Espe og Joachim Gausemel.

HIL skulle spele 3 kampar innleiingsvis, men sidan puljekollega Hyllestad ikkje møte vart det walk over og 3-0 siger som vart teljande i denne kampen for laga i gruppa.

Kampane vart spelte over 13 min og det var keeper + 4 spelarar på bana.

Fyrste kamp var mot Sogndal 1. Ei tett og intensiv batalje. Knall god innsats og høgt tempo. Sogndal hadde eit skot i stolpen og eit i tverrliggaren, men nærmare kom dei ikkje og dermde ein knall start på   turneringa for vår del.

Neste kamp var mot Høyang. Tett og jamn kamp her også. Etter 5 min scorar Simen Bruheim og sende HIL i leiinga. Likevel klarar Høyang å score 2 gongar og vinn 2-1 over oss.

Når Høyang og Sogndal 1 spelar uavgjort 1-1 blir det Høyang som går vidare til semifinale og seinare vinn dei bronsefinalen 2-1.

Alt i alt er vi godt fornøgde med innsatsen. Vi stilte med eit ungt lag. Dei fleste på laget har 2 år igjen i denne årsklassen so dette var ei god erfaring å ta med seg. Vi kjem garantert til å stille på innandørs KM neste år!