Komande søndag spelar herrelaget sin 5 treningskamp for sesongen. Då kjem sunnmørslaget Hovdebygda på besøk. Dei er eit friskt satsande lag som den komande sesongen spelar 5 div. på Sunnmøre.
Dei har nettopp slått Stryn 4-3 i treningskamp so det er ikkje tvil om at det er god motstand som ventar for Steinar Bakka og gjengen på a-laget.
Denne helga er det treningssamling for a-laget. Laurdag blir det spelarmøte og trening.
Sindre Nordang, Robin Sande, Sturla Lødøen og Endre Lødemel er ikkje disponible, men ein reknar med at vi har ei fyldig tropp tilgjengeleg.
Kampen har avspark søndag 9 mars kl.1300 på kunstgrasbana.
Dommar er Tom Edvinsen, Stryn TUIL