Hornindal sitt a-lag tapte i dag 2-0 mot Hovdebygda. Trass tap var det veldig mykje positivt for HIL sin del. Kampen var ganske jamn, Hovdebygda hadde dei skumlaste sjansane i fyrste omgong, men ein meget god Kristoffer Grodås sørga for at det var 0-0 til pause. Andre omgang er 6 min gamal når Håvard Nygård sørgar for at Hovdebygda får straffespark og dermed går opp til 0-1. Hovdebygda scora 0-2 i 78 min. HIL hadde fleire store sjansar og spesielt på slutten av kampen kunne vi scora både 1, 2 og 3 gongar, men verken Idar Nedre-Flo, Anderas Seljeset eller Verner Myklebust greidde å få ballen i mål, men du verden for nokre sjansar!!!! Mykje positivt å ta med seg frå kampen, godt å sjå at vi kan spele gode 2 omgongar også! Verner Myklebust spelte ein kjempekamp på midtbana trass ryggproblem siste tida greidde han 90 min med knallhard jobbing! Kampfakta Hornindal - Hovdebygda 0-2 (0-0) Dommar Tom Edvinsen, Stryn TUIL 0-1 Terje Skrede str 51 min 0-2 Tore Hovden 78 min Gulekort: Håvard Nygård, Fredrik Drageset og 2 til Hovdebygda. HIL sitt lag: Kristoffer Grodås Joachim Guasemel Håvard Sollid Håvard Nygård Fredrik Drageset Isak Fotland Fænn Verner Myklebust Marius Lødøen Torbjørn Flåm Henrik Grodås Idar Nedre-Flo Innbyttarar: Tore Raftevold Simen Bruheim Andreas Seljeset Joakim Olsbø |